Rettleiing - Ekstraordinært tilskot til skogplanting

Rettleiinga for registrering av ekstraordinært plantetilskot våren 2020 i ØKS er no lagt ut på Landbruksdirektoratet si heimeside. Kommunane må vente med å behandle søknader om ekstraordinært tilskot til det er gjort nødvendige tilpassingar i ØKS.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2020

Retningslinjene ligg i rettleiinga, men det står att ein del teknisk arbeid i ØKS.

For skogeigar vil det ikkje vere synlege endringar ved registrering av refusjonskrav. Dersom søkjar har kryssa av for at vedkomande søkjer om tilskot, skulle alle formalitetar vere på plass. Direktoratet vil opprette nye tilskotskode i ØKS til bruk for kommunane. Det er signalisert at nye kodar for registrering av det ekstraordinære tilskotet kjem til å dukke opp i ØKS i løpet av denne veka.

Les rettleiinga grundig!

Vi trur det er nyttig å gjennomføre eit nytt Teams-møte for dykk i kommunane, kor vi kan gå gjennom retningslinjene og diskutere praktiske problemstillingar i ØKS.

Invitasjon til Teams-møte mandag 27. april kl.10-11 kjem på e-post.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.