Resultatkartlegging miljø og skogbruk 2025

I år skal kommunane bruke feltappen SKART til registreringsarbeidet. Vi tilrår sterkt å gjere feltarbeidet så snart som mogleg etter at snøen har smelta. Når det er lite annan vegetasjon, er plantene lette å sjå, og kartlegginga kan gjerast effektivt.

Publisert 27.03.2025

Brev om resultatkartlegginga vart sendt til kommunane 27. mars. Brevet ligg til høgre på sida her. I brevet ligg det lenker til Landbruksdirektoratet si rettleiing for resultatkartlegginga og brukarhandbok for SKART. Kopi av brev frå Landbruksdirektoratet til Statsforvaltaren ligg og til høgre på sida.

Felta som er trekte ut til kartlegging i 2025 ligg i SKART og i fagsystemet ØKS.

Ta kontakt med Statsforvaltaren om det er noko som er uklårt eller om de treng hjelp med SKART-appen.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.