Ordninga med tilskot til opprydding av vindfall vert forlenga
Dei sju kommunane i Vestfold og Telemark som er med i ordninga med driftstilskot til opprydding av vindfall, kan forlenge ordninga fram til sommaren 2023. Vi ber dei aktuelle kommunane om å gi tilbakemelding innan 10. november om de ynskjer å forlenge ordninga eller ikkje.
Dei aktuelle kommunane er Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord og Midt-Telemark. E-post om forlenging av ordninga vart sendt til desse kommunane 27. oktober.
Kva er endra?
Opphavleg søknadsfrist var 1. november 2022, og frist for å sende inn dokumentasjon og krav om utbetaling var 25. november. No er søknadsfristen forlenga til 1. juli 2023, og fristen for å sende inn dokumentasjon og krevje utbetaling er utsett til 1. september 2023.
Meir informasjon om ordninga finst i vår nettsak om tilskot til opprydding av vindfall. Dokument med retningsliner og informasjon om utsett frist ligg til høgre på sida.