Oppgradering av ØKS og status rapportar

Landbruksdirektoratet har gjennomførd ei oppgradering av ØKS. Det var i hovudsak feilretting av somme mindre feil som kom på plass, men det var også enkelte forbetringar, sjå under:

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2020

Vi nemner kort

  • Opprydjing i biletet for registrering av søknad om bygging av landbruksveg
  • Høve for å knyte fleire nyanlegg til same byggjesøknad
  • Det er no mogeleg å laste opp vedlegg/dokumentasjon på dei fleste typar posteringar i ØKS. Dette er spesielt etterspurt ved flytting av tømmeroppgjer og for manuelle posteringar generelt.
  • Retta ein feil som har medført at søknader som kom inn frå skogeigarar i WebSkas IKKJE blei sende til dei kommunale arkiva
  • Retta ein feil som gjorde at delegerte brukarar (dvs. ein person som loggar seg inn på vegner av den som eig skogen - f.eks. ein rekneskapsførar) ikkje kom inn i WebSkas
  • Fleire fylke har hatt problem med at det har kome inn skogfondskrav for postering i ØKS som ikkje kan posterast. Dette skuldast i hovudsak at det har vore 'spor' av gamle blir fylkt- og kommunenummer i søknaden.
  • Dette skal no vere rydja opp i for nye søknader, men det kan framleis liggje somme gamle igjen som er 'på veg inn'.

Status regionsreforma (rapportar)

Etter ein lang og intens arbeidsperiode, meiner Landbruksdirektoratet at dei no har kome nesten helt i mål med regionsreforma. Dette blei ei større oppgåve med fleire utfordringar enn dei hadde føresett! Dersom det framleis er nokre av dykk som har uteståande saker/problem, må de gi melding (Kanskje det er noko som er meldt tidlegare som vi har gløymt?).

Det er framleis ein del som står att før alle rapportar støttar fylkessamanslåingane fullt ut, og det kjem dei kanskje heller aldri til å gjere. Landbruksdirektoratet meiner at det viktigaste er på plass, men også her må de seie frå dersom det er spesielle rapportar som de saknar, eller finn feil på.

Landbruksdirektoratet har planar om å gjennomføre eit lite miniprosjekt for å rydje opp i og kanskje sanere ein del av dagens rapportar. På enkelte område er det så mange tilgjengelege rapportar at det blir lite oversiktleg, og mange av rapportane er delvis overlappande.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar