NMSK – skogkultur - innspurt

Føring av NMSK-tilskot i 2020 er avslutta. Under kan de lese om korleis kommunane skal handsame skogkultur-saker som ligg på vent. Vi har òg gjort ei lita oppsummering av forbruket av NMSK-midlar i år og så smått byrja å tenkje på neste år. Siste dag for føring av skogfond i ØKS er torsdag 17. desember.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2020

Anvising av tilskot i ØKS for 2020 er avslutta

Frå no, og til og med 17. desember, kan de igjen godkjenne søknader om tilskot, men de må IKKJE anvise meir for utbetaling enn skogeigar har ståande inne på skogfond. Tilskotet forskoterast av skogfond som normalt, men vert ikkje godskrive skogfondskontoen før etter tildelinga av NMSK-midlar til kommunane i 2021. Desse sakene må dekkast av NMSK-potten for 2021, med tilskotsatsen for 2020. Alternativt kan de la sakene ligge på vent til neste år.

NB! Om de vel å godkjenne tilskotsaker denne uka, bør de i vedtaka presisere at kommunen si tildeling for 2020 er brukt opp og at eventuelt tilskot fyrst vil bli overført til skogfondskontoen i 2021. Fylkesmannen vil vente med godskriving av tilskot i desse sakene til ramme og tildeling for neste år er på plass.

Takk for god innsats

Dei siste to vekene har det vore hektisk innsats med NMSK-saker for skogkultur. De i kommunane har handsama saker og søkt om ekstraløyvingar, medan vi hjå FM har drege inn og fordelt tilskot, utbetalt skogfond og anvist tilskot.

Takk vere at de kontinuerleg har sendt inn informasjon om søknader på vent og behov for tilskot, har vi hatt fleire moglegheiter til å få kabalen til å gå opp. Fredag vart dei siste tilskotssakene utbetalt, og vi sit att med ein rest på 252 kroner. Det er det næraste 0 vi greidde å kome. Tusen takk for at de har vore fleksible og samarbeidsvillige og tatt beskjeder og kontrabeskjeder på strak arm.

Høgt forbruk i år

Til saman 9 665 862 kroner i NMSK-tilskot til skogkultur har vorte utbetalt i vårt fylke i 2020. Av dette gjekk 1 338 800 kroner til det ekstraordinære plantetilskotet. Det vert spennande å sjå nærare på statistikken for aktivitet, når årsoppgjeret er over.

Tildeling for 2021

Det vart totalt søkt om meir tilskot enn tildelinga til fylket i 2020. Pr. 14. desember har kommunane inne søknader om tilskot på drygt 710 000 kroner, som ikkje kan dekkast av tildelinga i år. Vi har teke høgde for dette ved innmelding til Landbruksdirektoratet av behov for midlar til NMSK skogkultur for 2021. Vi vil prøve å ta omsyn til dykk som har etterslep av saker frå i år ved tildeling av midlar til kommunane for 2021. Vi ventar at tildeling er på plass i løpet av januar 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.