Kommunane sine retningsliner for NMSK skogkultur skal offentleggjerast

I tildelingsbrevet frå Statsforvaltaren til kommunane for 2021 står det at kommunane sine retningsliner for NMSK-tilskot til skogkultur skal offentleggjerast. Vidare står det at tilskotssatsane skal meldast til Statsforvaltaren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2021

I samband med at vi denne veka etterspurde tilskotssatsar frå dei siste kommunane, har vi sett på kommunane sine nettsider. Då finn vi ut at kommunane har ein jobb å gjere. Mange av kommunane har svært gode dokument med strategiar og retningsliner som det er lagt mykje arbeid i. Få dei ut på nettsidene -då gir de viktig informasjon til skogeigar, i kombinasjon med folkeopplysing!

Det er svært få kommunar som har lagt ut sine tiltaksstrategiar og retningsliner på nettsidene og som har oppdatert informasjon om tilskotssatsar for 2021. Nokre kommunar har utdatert informasjon på sine nettsider. Sjølv om nokre kommunar sender ut informasjon om NMSK-tilskot pr. e-post til skogeigarane, kan ein ikkje rekne med at denne informasjonen er «lett tilgjengeleg» for skogeigar etter at e-posten er lese. Kommunane bør ha slik informasjon tilgjengeleg på nettsidene, kor det er naturleg å leite for skogeigar.

Forvaltinga legg til grunn at det er skogeigar sitt ansvar å gjere seg kjend med dei reglar og retningsliner som gjeld. Det er så mykje lettare for både skogeigarar og kommunar om informasjonen om retningslinene og tilskotssatsane i kommunen ligg tilgjengeleg på kommunen sine nettsider. Det kan óg spare kommunen for vanskelege situasjonar i samband med klagesaker, når ein kan vise til at det er gitt informasjon på nettsidene om til dømes krav om førehandsgodkjenning frå kommunen for bruk av skogfond til ungskogpleie med høg dekarkostnad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.