Kapitalskattlagd skogeigar skal ha skattefordel på meirverdiavgift som blir dekt med skogfond

Informasjon frå Skogkurs: Den nyaste Skatte-ABC slår fast at skogeigarar som ikkje er meirverdiavgiftspliktige, såkalla kapitalskogeigarar, har rett på bruk av skogfond med skattefordel også på meirverdiavgiftsdelen av kostnaden!

Dette er det motsette av det som til no er praktisert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2020

Skattedirektoratet og Landbruksdirektoratet har nett hatt eit avklaringsmøte der dei har blitt einige om korleis dette skal praktiserast.

Konsekvensar

Denne praktiseringa vil redusere skogeigarane sine kostnader gjennom auka skattefordel ved bruk av skogfond. I neste omgang vil det gi auka insitament til investeringar i skogkultur, veginvesteringar og anna på mindre eigedomar!

Les informasjonsskrivet frå Skogkurs her.

Meir informasjon om korleis dette skal gjerast pratisk i ØKS kjem seinare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar