Frist gjødsling av skog som klimatiltak
Skogeigarane sin frist for å søkje om tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak er 15. september. Landbruksdirektoratet har no opna for at fylkesmennene kan starte godskriving av tilskot frå sentral ramme. Vi ber om at kommunane fattar vedtak i ØKS innan 22. september for søknader som er levert i kommunen innan fristen.
Publisert 15.09.2020
Heile Vestfold og mange av kommunane i Telemark er innanfor sona med avrenning til Oslofjorden/Skagerrak, kor taket for gjødsling av skog over en femårsperiode allereie er nådd. Det kan ikkje gjevast tilskot til gjødsling i desse kommunane.
Hugs at det er krav om digital kartfesting og fleire miljøkrav ved tilskot til gjødsling. Meir om ordninga på Landbruksdirektoratet si nettside.