Borkbilleovervaking 2021 – sesongen startar 20. april

Tysdag 20. april skal borkbillefellene vere montert i felt og feromoner skal vere plassert i fellene. Det er viktig at denne jobben vert gjort i tide og at opplysingar om fellelokalitetane vert registrert i den nye portalen VIPS (krev innlogging).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2021

I Vestfold og Telemark er 10 kommunar med i borkbilleovervakinga. Dei aktuelle kommunane har motteke feromoner frå NIBIO i posten og e-postar frå NIBIO og Statsforvaltaren med informasjon om kommunen sine oppgåver, samt ulike instruksar og instruksjonar. Frå og med i år skal fangstresultata registrerast digitalt kontinuerleg gjennom sesongen.

Alle kommunar, òg dei som ikkje er med i borkbilleovervakinga, bør melde ifrå til Statsforvaltaren om de gjennom vekstsesongen observerer ferske, store angrep av granborkbille på ståande granskog i kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.