Nye nettsider - SMIL, Utvalde kulturlandskap og verdsarvordninga

Dei nye nettsidene er utvikla med utgangspunkt i behovet til brukarane og tilfredsstiller statlege krav til universell utforming. Ein av fleire viktige betringar, er at forvaltninga får sin eigen «inngang» til nettsidene.

Publisert 29.01.2021

Kort fortalt er nettsidene delte i to; Ein hovudinngang som er tilpassa behovet til søkarane (Landbruket) og ein hovudinngang som er tilpassa behovet til forvaltninga (Forvaltningen). Det som no er lansert er ein basisversjon. Mykje er på plass, men ikkje alt. Utviklingsarbeidet held fram og meir innhald vil bli publisert i månadene som kjem.

Er det noko de lurer på med nettsidene, send ein e-post til nettredaksjonen@landbruksdirektoratet.no 

Kva som kan vera greitt å kjenna til:


SMIL:

  • Sidene «Kommentarar til forskrift» og “Veiledning til saksbehandlar” erstattar dagens SMIL- rundskriv 2020-12.
  • Det ikkje gjort nokon reelle endringar i regelverket eller saksbehandlingsreglane.

Utvalde kulturlandskap og verdsarv:

  • Sidene «Kommentarar til forskrift» og «rettleiing til saksbehandlar».

Det er òg ei eiga temaside om jordbruket kulturlandskap. Meir innhald her om eks tema: «biologisk mangfald» og «ferdsel og friluftsliv» kjem seinare.

Oppdater eigen lenker
Som ei følgje av dei nye nettsidene til direktoratet, kan det òg vera lurt å ta ein gjennomgang av lenkane til nettsidene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar