Vinnarane av Nasjonal kulturlandskapspris og Nasjonal jordvernspris 2023 er no kåra

Vi vil gratulere Skjolden beitelag med årets nasjonale kulturlandskapspris og Haugesund kommune med nasjonal jordvernpris.

Publisert 31.08.2023

Vår nominasjon av Bamble kommune med alle sine hjelparar til kulturlandskapsprisen og Færder kommune til jordvernprisen trakk ikkje det lengste strået i denne omgang.

Kvart år verte Statsforvalterane invitert til å nominere kandidatar til Nasjonal kulturlandskapspris. Statsforvalteren i Vestfold og Telemark valde i år å nominere Bamble kommune med alle sine dugnadsfolk for istandsetting av kulturlandskapet på Langøya. Her er gjort solid innsats over mange år! Prisen gjekk i år til Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.

Til jordvernprisen nominerte vi Færder kommune med grunn at dei ved rullering av kommuneplana si arealdel foreslo å føre tilbake betydeleg areal som tidlegare var omdisponert frå LNF til byggeformål. Prisen gjekk likevel til Haugesund kommune med bakgrunn i opphevinga av områdeplana for Fagerheim av omsyn til jordvern. Det dreier seg om over 400 dekar dyrka jord til saman. Les meir om dei ved å følgje lenka til høgre.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.