Tilskot ved produksjonssvikt i grovfôr (føretak med husdyr)
Det trengs at Landbruksdirektoratet klargjer ein del om korleis søknadane om tilskot ved produksjonssvikt i grovfôr (føretak med husdyr) skal handsamast. Noko av det kommunane må gjere, er likevel klart.
Det ser ut til å verte mange søknadar om tilskot ved produksjonssvikt i grovfôr. Mange av søknadane vil komma frå føretak med husdyr.
Når det gjeld korleis desse søknadane skal handsamast, er regelverket til dels uklårt og motstridande. Det er store skilnadar mellom fylka i korleis søknadar vert handsama.
Statsforvaltaren ventar at Landbruksdirektoratet klargjer korleis søknadane skal handsamast. Kommunane vil verte informerte så snart det er klart. Handsaming av søknadar om tilskot ved produksjonssvikt i grovfôr frå føretak med husdyr vil òg verte tema på kompetansesamlinga 28.09.
Inntil vidare må kommunane:
- journalføre meldingar om mogleg produksjonssvikt
- vurdere om det er trong for å kontrollere føretaka på staden
- så snart som råd etter at haustinga er avslutta: måle opp grovfôrlager (tal ballar, kubikk silo eller høy)
- oppmode søkarane til å føre fôrings- beite og logg