Solcellepanel på fulldyrka jord

Landbruksdirektoratet har behandla sak om omdisponering og deling, og har gitt løyve til å plassere ut solcellepanel på fulldyrka jord.

Publisert 22.05.2023

Modum kommune ga løyve til omdisponering og deling i samband med at fulldyrka jord blei leigd ut til utplassering av solcellepanel. Statsforvaltaren i Oslo og Viken gjorde om Modum kommune sitt vedtak, og Hydropower AS klaga statsforvaltarens vedtak inn for Landbruksdirektoratet.

I vedtak datert 4. mai 2023, har Landbruksdirektoratet gitt Hydropower AS medhald i klaga.

Landbruksdirektoratet tek stilling til om utplassering av solcellepanel er «jordbruksproduksjon» etter jordlova § 9. Dei legg til grunn at tiltaket ikkje er jordbruksproduksjon, sjølv om arealet òg skal nyttast til beite, og at det derfor er nødvendig å søke om løyve til omdisponering.

Landbruksdirektoratet vurderte så om det var «særlege høve» som gjorde at det kunne bli gitt løyve, og kom til at samfunnsnytten ved å produsere grøn energi var større enn ulempene. Det ble derfor gitt løyve til både omdisponering og deling.

Viss du vil lese vedtaket, ligg det under fanen «Lenker» på høgre side.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.