Søknadsordning for utanlandsk arbeidskraft til grøntnæringa

Vi ber dykk i kommunane å halda fram med å stadfesta etter førespurnad frå produsentane, ut dagen i dag, 26/3. I etterkant av det håper vi at Landbruksdirektoratet er godt i gang med godkjenningar.

Publisert 26.03.2021

Det er i statsråd i dag fastsett ei forskrift om søknad om unntak frå innreiserestriksjonane for utanlandsk arbeidskraft som er strengt nødvendig for å halda oppe forsvarleg drift i grøntnæringa. 

Vi ber dykk i kommunane å halda fram med å stadfesta etter førespurnad frå produsentane, ut dagen i dag, 26/3. I etterkant av det håper vi at Landbruksdirektoratet er godt i gang med godkjenningar. Vi vil følgja med så godt vi kan på kva som skjer utover dei neste dagane. Og vi vil halda dykk oppdatert viss det skulle skje noko.

https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/nyhetsarkiv/soknadsordning-for-grontnaeringen

Sjå nyheitssak hos Statsforvaltaren her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.