Tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel

«Rundskriv 2022/4 Kommentarer til regelverk om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel» og «Rundskriv 2022/5 Forvaltning og saksbehandlingsansvar for sykdomsavløsning» er oppdatert.

Publisert 11.02.2022

Det er ikkje gjort endringar i forskrifta eller rundskriva.

Landbruksdirektoratet opplyser at dei berre har laga fleire eksempel som er meint å gjere sakshandsaminga enklare.

I kommentarane til rundskrivet er det laga eksempel som er knytt til krav om næringsinntekt i § 3 og til dispensasjon i § 9.

I rundskrivet for forvalting og sakshandsamaransvar er det laga eit forslag til mal for vedtak om avslag i pkt. 7 om «vedtak og utbetaling».

I pkt. 5 om dispensasjon, vert det bedt om ei grunngjeving i det høve at sakshandsamar vel å overstyre Agros ved å krysse av for «dispensasjon ikke nødvendig», og inntektskravet ikkje er blitt oppfylt.   

Link til rundskriva her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar