Ramma er auka - Sjukdomsavløysing
No er fleire middel tilgjengeleg på ramma for tilskot til sjukdomsavløysing. Dette betyr at det skal vera mogleg å godkjenna vedtak om tilskot til sjukdomsavløysing mv. igjen.
Publisert 09.12.2020
Midla som no er gjort tilgjengelege var allereie godkjente for dette tidlegare i år, men hadde ikkje vorte lagt inn i Agros. Det er snakk om drygt 5 millionar kroner, så viss kommunane held fram med å vera like produktive som dei har vore dei siste dagane, er det ein fare for at ramma går tom på nytt før Agros stenger for i år. I så fall må godkjenninga av vedtak og dermed ytterlegare utbetalingar av tilskot vente til Agros har opna igjen den 5. januar 2021.
Kontaktpersonar
-
Anne Aasdalen
Tlf: 35 58 62 72