Produksjonstilskot – nytt i eStil PT

Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og Statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i mai 2021 er:

Publisert 21.05.2021

Det er gjort følgjande forbetringar i fagsystemet for søkjarar:

  • Etter at føretaket har trykt på knappen «Kontroller søknad», er knappen «Send søknad» synleg både øvst og nedst i seksjon «Oppsummering og send». Endringa er gjort for å hindre at føretak gløymer å sende inn søknaden.
  • Føretak som ikkje har kryssa av for slaktedyr, men har levert slaktegrisar mv. til slakteri, får varselmelding om manglande avkryssing.
  • Føretak med dyr i kode 120 og 121, men ikkje i 118, får melding om at ammekyr av minst 50 % kjøtferase skal førast både i kode 121 og 118.

Det er gjort følgjande forbetringar i fagsystemet for sakshandsamarar:

  • Det er innført to-trinnsgodkjenning av søknadar i eStil PT (som nemnd i eigen nyheitssak og e-post til kommunane.
  • Under «Vedtak - endeleg godkjenning» synast berre søknadar i eigen kommune.
  • I felt der sakshandsamar skal skrive grunngjeving er det lagt til tekstredigeringsverktøy.
  • Under rapportar er det lagt ut ein ny rapport over kontrollerte føretak.
  • Under avansert søk: når ein utfører eit avansert søk på p-kodar, kan søkjeresultatet eksporterast til Excel. Excel-arket viser nå tal i p-kodar, utbetalt beløp mv.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.