Nye rundskriv i eiendomslovgivninga - jord og konsesjon

Landbruks- og matdepartementet har gitt ut to nye rundskriv om praktiseringa av jord- og konsesjonslovgivinga.

Publisert 28.05.2021

Dei nye rundskriva er oppdatert ut frå gjeldande praksis og inneheld klarare signal mellom anna om praktiseringa av reglar knytt til jordvern, aksjeselskap som kjøper landbrukseigedom og om forholdet mellom delingsregelen i jordlova og reglane om husdyrkonsesjon.

Dei nye rundskriva erstattar dei fire rundskriva som gjeld konsesjon, priskontroll og boplikt, driveplikt, omdisponering og deling, samt det som gjeld om overføring av mynde og forskrift om saksbehandling mv. i kommunen etter konsesjonsloven, jordlova, odelsloven og skogbruksloven.

Rundskriva, og meir informasjon om bakgrunnen for dei nye rundskriva, finn du i denne linken her.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar