Ny løysing for endring av kontonummer i Altinn

Landbruksdirektoratet har utvikla ein ny teneste for sjølvbetjent registrering av kontonummer. Ein kan no registrera kontonummer for utbetalingar til seg sjølv som privatperson.

Publisert 07.05.2021

Brukarar av «Kontonummeret mitt» loggar inn i Altinn som før, og kan velja å registrera kontonummer for seg sjølv som person, eller for eit føretak.

Når brukar har registrert nytt kontonummer eller endra eksisterande kontonummer, vil brukaren motta ein kvittering på oppdateringa i Altinn-postboksen. Kontonummer blir lagra som før i Landbruksregisteret, og registreringar som ligg der frå før blir naturlegvis synlege i den nye løysinga.

Tenesten har den same adressen som før:

https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/registrering-av-kontonummer/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.