Mal for risikobasert kontrollplan er oppdatert

Eit dokument det er påkravd for alle kommunar å ha, er risikobasert kontrollplan for produksjonstilskot. Planen skal vere oppdatert for kvar søknadsdel. Kommunen må ha ny plan for kvart søknadsår.

Publisert 23.04.2021

I fjor laga vi eit forslag til mal som kommunane kan bruke. Malen er no oppdatert med nye lenker og tilvising til nye rapportar om vanleg jordbruksproduksjon. Me har òg oppdatert fila med døme på korleis ein kontrollplan kan fyllast ut. Sjå dokumenta til høgre på denne sida.

Hugs at kommunen skal skildre skriftleg kvifor den einskilde søknad er plukka ut til kontroll. I fila med døme på utfylt kontrollplan har me vist ein måte vi meiner dette kravet kan ivaretakast på: Lag ein kolonne for å føre inn føretak som skal kontrollerast, slik at føretaket vert knytt til aktuell(e) risikofaktor(ar).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.