La oss bli ferdige med produksjonssviktsesongen 2022!

36 søknader er sendt inn, men endå ikkje ferdig handsama.

Publisert 15.06.2023

Tabellen under syner at det 21 søknadar hjå kommunane og 15 søknadar hjå Statsforvaltaren, som endå ikkje er ferdig handsama. Det kan vera at nokre av dei innsendte søknadene vert trekt.

 

Ligg i  kommunane

Ligg hjå Statsforvaltaren

 

Vekstgruppe

Innsende  

Under attestering  

Attestert  

Under handsaming  

Totalsum

Avlsv. Frukt  

1

4

10

 

15

Avlsv. Grønnsaker  

 

1

 

 

1

Avlsv. Korn  

 

1

 

 

1

Avlsv. Poteter  

 

1

 

 

1

Grovfôr (m. husdyr)  

2

8

 

3

13

Grovfôr salsproduksjon  

1

1

 

2

4

Svikt honningprod  

1

 

 

 

1

Totalsum

5

16

10

5

36

 

Søknadar som skal trekkast

Årsaka til at ein søknad vert liggjande lenge, kan vere at avlinga vart betre enn frykta, og søknaden likevel ikkje gjev grunnlag for å rekne tilskot. I så fall bør søkjaren skrive ein e-post, der han trekker søknaden. Om mogleg legg kommunen ein e-post inn som vedlegg i Elf og attesterar søknaden. Statsforvaltaren skriv eit kort avvisingsvedtak, og saka er ute av verda!

Søknadar som ikkje skal trekkast, men der det manglar dokumentasjon...

Produsentar av salsprodukt som opplever ein produksjonssvikt på meir enn 30 % som skuldast klimatilhøve, har rett på tilskot. Det er viktig å dokumentera avlinga frå tidlegare år.

La oss bli ferdige med produksjonssviktsesongen 2022

Gardbrukarane treng å vite om dei får tilskot. Og om dei gjer det, vil dei sikkert gjerne få ut pengane. Me i forvaltninga treng å få unna førre året, så me får plass til nye saker. Me oppmodar difor både oss sjølve og kommunane til å prioritere å få unna dei få 2022-sakene som står att.

Om noko er uklårt…

Om noko er uklårt, eller det oppstår situasjonar som er vanskelege å løyse, rår me til at de søkjer råd. De er alltid velkomne til å snakke med oss hjå Statsforvaltaren.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.