Lær å handsame produksjonssviktsøknadar i Agros
Opptak av Teamsmøte, der handsaming av søknadar om tilskot ved produksjonssvikt vart vist, er tilgjengeleg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søknadar om tilskot ved produksjonssvikt, vekstgruppene frukt, grovfôr (føretak med husdyr) og korn, skal i 2023 skal handterast i Agros. Søkjaren loggar inn og registrerer søknaden. Kommunen, som vert kalla pre-saksbehandler, tek tak i søknaden som ligg i Agros, kontrollerer og vurderer og ekspederer han til Statsforvaltaren.
07.07.23 haldt Landbruksdirektoratet eit Teamsmøte der dei informerte og demonstrerte korleis Agros for produksjonssvikt verkar. De får tilgang til opptak av Teamsmøtet ved å logge inn i Agros. Der ligg lenke på framsida til Agros.
