Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt

Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt pga. klima eller mangel på arbeidskraft er kommunen sitt ansvar. Kommunen skal ifølgje regelverket kontrollera alle føretak som melder om produksjonssvikt pga. mangel på arbeidskraft og 10 % av dei som melder om produksjonssvikt av klimaårsaker. Om kommunen gjer avtale med nokon hos NLR, må kommunen dekka jobben NLR gjer økonomisk. NLR har elles ikkje noko ansvar for kontroll i desse sakene. 

Publisert 02.07.2021

Om det er veker i sommar der det ikkje er tilgjengelege folk i kommunen for kontroll, kan dei gjera avtalar med nabokommunar, eventuelt med NLR. Om kommunen gjer avtale med nokon hos NLR, må kommunen dekka jobben NLR gjer økonomisk. NLR har elles ikkje noko ansvar for kontroll i desse sakene. Dette er ikkje noko som NLR er pliktig til å gjera gratis, eller noko kommunen kan forlanga at føretaket skal betala NLR for.

Kan òg nemna at dei som søkar erstatning sjølv har eit ansvar for å dokumentera skadeårsak. Om dei får hjelp av NLR til det, er det søkar som må betala NLR.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.