Hugs produksjonssvikt

Etter ei travel tid med mange fristar i ulike ordningar, kan det no vera rom for å ta fatt på søknadane om tilskot ved produksjonssvikt.

Publisert 23.01.2025

Tilskot ved produksjonssvikt er ei ordning utan dei same rigide fristane som ein del andre ordningar har. Søknadane må likevel handsamast.

Rett før godkjenningsfristen i desember fekk me over ein god del søknadar. Etter det er det få søknadar som har kome til oss.

143 søkandar om tilskot ved produksjonssvikt ligg no i kommunane; 17 frå 2023-sesongen (10 i Agros + 7 i ELF) og 126 frå 2024-sesongen.

Me oppmodar kvar kommune til å skaffe oversyn over sakene som ligg hjå dei og klargjera dei som kan klargjerast.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar