Handsaming av søknad om erstatning for produksjonssvikt

Det ser ut til å verte middels til svært gode avlingar av korn, gras, potet og grønsaker. Det er fyrst og fremst i frukt og ber at me ventar søknadar om erstatning for avlingssvikt.

Publisert 10.09.2020

Bera er ferdig hausta for ei tid sida. Det er fint om søknadar om erstatning for avlingssvikt i ber vert klargjorde og attesterte, slik at vi få handsama så mange av dei som råd er før søknadane frå fruktdyrkarane kjem.

Nokre søknadar som har vorte innsende tidlegare år, ligg framleis i ELF. Det hadde vore fint å få rydda opp i dei. Søkjaren bør spørjast om han ynsker å oppretthalde søknaden. Om han ynskjer det, må tilstrekkeleg dokumentasjon på plass. Finst det ikkje grunnlag for å oppretthalde søknaden, må søkjaren sende skriftleg melding (e-post er fint) om at søknaden vert trekt.

Me minner om at kommunen plikter å føre meldejournal. Dokumentet finst i høgremargen her: https://fylkesmannen.no/vestfold-og-telemark/landbruk-og-mat/landbruksforvaltning/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar