Fråsegn frå kulturminneforvaltninga ved søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord

Me minner om reglane som gjeld for å hente inn uttale frå kulturminneforvaltninga i vårt fylke.

Publisert 25.09.2020

I tidlegare Vestfold fylke skal fylkeskommunen uttale seg i saker der:

  • kulturminne er avmerkt (R) på gardskart.no på eller rett ved areal som skal drenerast
  • areal som skal drenerast, ligg langs Lågen i Lågendalen
  • areal som skal drenerast, ligg i RPBA-område

I tidlegare Telemark fylke skal fylkeskommunen uttale seg i saker der:

  • kulturminne er avmerkt (R) på gardskart.no på eller rett ved areal som skal drenerast
  • areal som skal drenerast er over 50 daa

Dette er ei lokal presisering av teksten som står i Agros: «Kommunen må innhente uttalelse fra kulturminneforvaltningen (fylkeskommunene og/eller Sametinget) dersom ….»

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar