Forskot på tilskot ved produksjonssvikt

Om ein dyrkar treng forskot på tilskot ved produksjonssvikt i planteproduksjon, må kommunen sende melding om det til Statsforvaltaren.

Publisert 13.09.2022

Det kan betalast ut eit forskot på  inntil 50 % av venta tilskot ved tap i planteproduksjon. Føresetnaden er at produksjonstapet er stort, og at søkaren har likviditetsproblem. Det kan ikkje betalast ut forskot ved tap i honningproduksjon.

Om ein søkar ynsker forskot, må kommunen vurdere om han passar inn under skildringa av produsentar som kan få forskot. Etter at kommunen har kontrollert, vurdert og attestert søknaden, må det sendast ein e-post til Statsforvaltaren der det står: «Søknad frå NN er attestert. NN ber om forskot på utbetalinga.»

Det står å lesa om forskotsbetaling i Rundskriv frå Landbruksdirektoratet 2021/30, nedst på s 15.

Kontaktpersonar