Fire nye avgjerder frå Landbruksdirektoratet – jordlova og konsesjonslova

Ei sak gjaldt klage på omgjering av løyve til nydyrking, ei sak gjaldt avslag på konsesjon til AS, ei sak gjaldt konsesjon ved erverv av ubygd skogeigedom og ei sak gjaldt konsesjon ved erverv som tilleggsjord.

Publisert 16.12.2021

Den første saka er frå Gjesdal kommune, og er datert 22. november 2021. Saka gjeld avslag på løyve til nydyrking av 11,5 dekar myr, og Landbruksdirektoratet har gjort ei grundig vurdering av dei forskjellige omsyna som gjeld i saka.  

Den andre saka er frå Rendal kommune, og er datert 6. desember 2021. Saka gjeld avslag på konsesjon til AS ved erverv av ein skog- og utmarkseigedom på 3358,7 dekar, bygd med ei koie og stall/uthus. Det var private som var interessert i eigedomen, og det blei ikkje vurdert å vere fordelar ved at eit AS fekk konsesjon til eigedomen samanlikna med personleg eigarskap.

Den tredje saka er frå Trysil kommune, og er datert 29. oktober 2021. Saka gjeld avslag på konsesjon ved erverv av ubygd skogeigedom. Her var det ein privat kjøpar som budde 200 km unna skogen. Fleire av dei særlege omsyna etter konsesjonsloven § 9 var nytta som grunnlag for avslaget, med hovudvekt på busettinga. Det var andre, som budde i nærleiken av skogen, som òg var interessert i eigedomen, og omsyna blei vurdert å vere betre ivaretekne om skogen blei lagt til eit nabobruk for å styrke busettinga på dette.

Den siste saka er frå Sykkylven kommune, og er datert 1. november 2021. Saka gjeld avslag på konsesjon sjølv om konsesjonsvilkåra isolert sett var oppfylt, då det var meir gagnleg for samfunnet og landbruksnæringa om eigedomen blei lagt til ein naboeigedom som tilleggsjord. Det avgjerande omsynet i saka var om ervervet innebar ein driftsmessig god løysing. Busettingsomsynet hadde ikkje særleg vekt i saka.

Ta kontakt med Elisabeth Hammer dersom dykk ønsker å få vedtaka tilsendt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar