Arbeidet med PT fram til 29.10.

Søknadsfristen gjekk ut 15.10. Endringsfrist og absolutt siste frist for å levere PT-søknad er 29.10.  

Publisert 24.10.2024

Fristen for å førebels godkjenne PT-søknadane er 23.12. I tida frå 30.10 til 23.10 må kommunane handsame PT-søknadar, førebels godkjenne dei og gjennomføre kontroll i tråd med risikobasert kontrollplan.

Tida fram til 30.10 bør brukast til å best mogleg posisjonere seg for rask og korrekt sakshandsaming.

Under PT-praten 22.10 kom det fram at det kommunane gjer no, er å svare på ei rekke handvendingar frå søkjarane, gå igjennom søknadar, oppmode føretak til å ta tak i feilmeldingar og elles å rette feil, plukke ut føretak til risikobasert kontroll, planleggje risikobasert kontroll og planleggje  handsaming av meir krevjande saker.

Nokre føretak treng ei påminning om at dei må hugse søknadsfristen. Nokon treng å søke om dispensasjon frå søknadsfristen. Då må kommunen ta imot disp.søknaden, skrive ei fråsegn og sende søknad og fråsegn vidare til statsforvaltaren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.