Webinar om klimasats

Klimasats er ei ordning for lokale klimatiltak i kommunal regi. Klimasats 2022 blei ikkje berre vidareført i årets statsbudsjett. Ordninga blei også kraftig styrka og Miljødirektoratet har i år ein rekordstor pott på 250 millionar som skal delast ut til gode lokale klimatiltak!

Publisert 05.01.2022

14. januar (kl. 9 – 10:30) organiserer Klimapartnarar (der Klima- og Energinettverket i Vestfold og Telemark er ein del av) eit webinar om klimasats.

Webinaret er først og fremst for kommunar, men det er også ope for at kommunar samarbeid med andre aktørar om klimatiltak, så dersom nokon i det private har prosjekt dei vil samarbeide med kommunane om, og lurar på om kan vere innafor klimasatsordninga, så er det mogleg å bli med!

Klimapartnare ynskjer i dette møtet å dele gode idear, erfaringar frå tidlegare klimasatsprosjekt og kanskje hjelpe de av dykk som har ein idé eller nokre tankar ennå lengre på veg. I tillegg vil det kome kort informasjon om årets utlysning.

Påmelding

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar