Takk for meg!
Les helsing frå Marita Bruun her:
Etter 27 år hos Statsforvaltaren og halvparten av desse åra som assisterande direktør, takkar eg no for meg. Den siste arbeidsdagen min er 31. januar.
Eg har fått ny jobb i Vestfold og Telemark fylkeskommune og skal framover jobba innan kompetanse, inkludering og entreprenørskap. Det blir mindre landbrukstema for meg no, men det blir moro å få innblikk i og kunnskap om nye fagområde.
Eg takkar gode kollegar i kommunane for godt samarbeid og samhandling gjennom mange år. Takk òg til dei i Vestfold-kommunane som eg har vorte kjent med dei siste 3 åra. Det har vore triveleg og morosamt å samarbeide med dykk, og eg kjem til å sakne alle saman. Men kanskje vil òg vegane våre kryssast igjen; landbruket er ein flott arena for både entreprenørskap og integrering. Så nøl ikkje med å ta kontakt med meg om aktuelle prosjekt og moglegheiter.
Eg ønskjer dykk lykke til vidare i arbeidet knytt til ei særs viktig næring. Landbruket står framfor mange store utfordringar i tida som kjem, og kommunane er viktig som førsteinstans.
Helsing Marita Bruun