Digital samling om ny eksamen for grunnskulen
- Dato:
- 2. november 2022 10:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren v/oppvekstavdelinga og Utdanningsdirektoratet
- Målgruppe:
- Skuleeigar, skuleleiarar og lærarar i grunnskulen
Statsforvaltaren inviterer i samarbeid med Utdanningsdirektoratet til digital samling om eksamen etter LK20/LK20S.
Program for dagen 10:00 – 12:00
• endring i læreplan – læreplanforståing (film)
• endring i forskrift og kva endringane betyr
• kompetanseomgrepet
• forskjellen på kjenneteikn på måloppnåing og vurderingskriterium
• kva er nytt og korleis har vi jobba med eksamen dei siste åra (reliabilitet)
• teknisk – viser korleis det ser ut for sensor (film)
Program for fagøkt kl. 13:00 – 15.00
Det vil vere ei fagøkt for lærarar på ungdomskulen, med vekt på sensur i norsk, engelsk og matematikk kl. 13:00 – 15:00
• gjennomgå endringar
• skjema for vurdering
• vurderingskriterium
• vekting
• utprøving
Det vil vere oppdeling i tre teams-rom fordelt på faga norsk, engelsk og matematikk.
Påmeldingsfrist: søndag 30. oktober på https://forms.office.com/r/a8Va7uaGfJ
Sett av dagen no. Teamsinnkalling kjem etter frist for påmelding.
- Dato:
- 2. november 2022 10:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren v/oppvekstavdelinga og Utdanningsdirektoratet
- Målgruppe:
- Skuleeigar, skuleleiarar og lærarar i grunnskulen