Søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå tettbygd område i Nissedal og Drangedal
- Høyringsfrist:
- 15. februar 2023
Nissedal kommune søkjer om utsleppsløyve for nytt avlaupsreinseanlegg på Langmoen i Nissedal kommune. Søknaden gjeld oppsamling, transport, reinsing, og utslepp av kommunalt avlaupsvatn, òg behandling av slam.
Reinseanlegget skal reinse avlaupsvatn for store deler av Nissedal kommune, og dessutan for Gautefallheia, som delvis ligg i Drangedal kommune. Avlaupsvatn frå dei eldre anlegga Gautefallheia RA, Nissedal RA, Naurak RA og Treungen RA vil verte sanert og overført til det nye reinseanlegget på Langmoen.
Det søkjast om reinsing av 90 % fosfor, 70 % BOF 5 og 75 % KOF Cr , men det er forventa at reinseeffekten blir større enn dette, og at nitrogen vert redusert med 20 – 25 %. Reinsa avlaupsvatn vil verte infiltrert i grunnen i massar på staden, dette vil gje noko tilleggsreinsing, og utsleppa blir samstundes heldt tilbake i massane 9 – 16 månader før vatnet når Nidelva. Det er gjeve opplysingar i søknaden om at resipientanalysar og berekningar viser at Nidelva vil tole det utsleppet det er søkt om, og at miljøtilstanden i resipienten ikkje vil verte redusert.
Eventuelle innspel til søknaden kan merkast 2020/11937 og sendast innan 15.2.2023 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høyringsfrist:
- 15. februar 2023
Dokument
- Søknad - Langmoen RA.pdf
- Vedlegg 1 Forprosjektrapport med vedlegg.pdf
- Vedlegg 2 Pe-beregning Nissedal tettbebyggelse.pdf
- Vedlegg 3 - Langmoen grunnundersøkelser.pdf
- Vedlegg 4 - Langmoen infiltrasjonstest.pdf
- Vedlegg 5 - Luktspredningsrapport Langmoen.pdf
- Vedlegg 6 - Utredning utslippspunkt.pdf
- Vedlegg 7 Prøvetakingsplan Langmoen RA.pdf
- Vedlegg 8 - Resultater prøvetaking Nidelva.pdf
- Vedlegg 9 - Resipientvurdering Nidelva.pdf
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding