Søknad om mudring ved Asnes i Sandefjord
- Høyringsfrist:
- 11. mars 2022
Jotun AS søker om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 200 m3 massar for å fjerne sjøvassleidningar.
Mudringa skal utførast ved Asnes, gbnr. 111/89 i Sandefjord kommune.
Formålet med å mudre er å grave ei grøft på sjøbotn for å sanere sjøvassleidningar som ikkje lenger er i bruk. Arbeidet skal utførast med gravemaskin i sjø. Det er søkt om å legge massane tilbake i grøfta når sjøvassleidningane er fjerna. Køyring med gravemaskin og midlertidig lagring av massane ved sida av grøfta fører til at tiltaket samla omfattar eit areal på inntil 1000 m2.
Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved 3 stasjonar, der ein stasjon er innanfor det aktuelle mudringsarealet og dei to andre er i traseen der leidninga ligger oppe på sjøbotn. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god) jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).
I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaksområdet ligger i naturtypen bløtbunnsområde i strandsonen registrert som viktig (B-verdi).
Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/8477 og sendast innan 11.03.2022 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høyringsfrist:
- 11. mars 2022
Dokument
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding