Søknad om mudring i Nedre Lågen båthamn i Larvik
- Høyringsfrist:
- 4. mai 2021
Larvik Hamn KF søker om løyve til å mudre i Nedre Lågen båthamn i Larvik kommune.
Larvik Hamn KF søkte 27.03.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 350 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 400 m3. Mudringa skal utførast ved Nedre Lågen båthamn, gbnr. 3020/2560 i Larvik kommune. Tiltakshavar søker også om løyve til gjentakande vedlikehald av mudringa i ein periode på 5 år. Behovet for vedlikehald av mudringa blir grunna med at det er forventa at massar gradvis vil bygge seg opp i innløpet til båthamna igjen over tid.
Føremålet med å mudre er å oppnå tilfredsstillande seglingsdjupn i felles båthamn. Det er ynskeleg å auke djupna på staden frå 30-50 cm til 1,5 - 2 meter. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land. Det er søkt om å nytte massane på land på Larvik Hamn sitt område sydvest for båthamna. Massane vil bli dekt over med jord før dei sår gras.
Sjøbotnen i tiltaksområdet har blitt analysert for miljøgifter ved 3 stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).
I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om, ikkje direkte vil røre registrerte naturverdiar. Det er registrert eit lokalt viktig «bløtbunnsområde i strandsonen» ca. 60 meter frå tiltaksområdet på andre sida av elva. Tiltaksområdet er del av «Svennerbassenget laksefjordområde» og Lågen fører anadrom laksefisk.
Eventuelle merknader til søknaden kan innan 04.05.2021 sendast til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høyringsfrist:
- 4. mai 2021
Kontaktpersonar
Dokument
- Søknad om mudring Nedre Lågen Båthavn.pdf
- Vedlegg 1 Forurensningsgrad i sediment.pdf
- Vedlegg 2 kart med tiltaksområde.pdf
- Vedlegg 3 Oversendelsesbrev søknad.pdf
- Vedlegg 4 Redegjørelse ifm nabovarsling.pdf
- Vedlegg 5 Vurdering behov for vedlikeholdsmudring.pdf
- Vedlegg 6 Kopi tillatelse etter plan- og bygningsloven.pdf