Frivillig vern av skog for eit område i Midt-Telemark og eit i Fyresdal
- Høyringsfrist:
- 25. november 2020
Høyring av verneplan for Mosnapp naturreservat i Fyresdal kommune og Barlinddalen naturreservat i Midt-Telemark kommune.
Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget.
Vi bed høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar, kulturminne og anna som bør vere kjend i verneområda.
Namn |
Kommune |
Totalareal |
Verneverdi |
Barlinddalen naturreservat |
Midt-Telemark |
848 daa |
(**) regional |
Mosnapp naturreservat |
Fyresdal |
3542,6 daa |
(*/**) |
Høyringsfristen er 25. november 2020.
Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak fmvtpost@fylkesmannen.no.
Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark på telefon 33 37 10 00.
- Høyringsfrist:
- 25. november 2020