Rapportering på kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2024

Kommunar og andre som har motteke tilskot frå kompetanse- og tenesteutviklingstilskot i 2024 skal rapportere til Statsforvaltaren. Frist for å rapportere er 15. februar 2025.

Publisert 26.11.2024

Utfylte rapportskjema skal sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no merka med saksnummer 2024/7718.

I rapporteringa skal det nyttast tre ulike skjema (sjå boksen "Dokument").

  • Skjemaet Vedlegg 1 Måloppnåing (excel-ark): Eit delvis utfylt rapportskjema vart sendt til kontaktpersonen for tilskotet då vi erfarer at skjemaet vert konvertert til pdf i utsendingsprosessen. Vi viser elles til rapporteringsrettleiing, sjå i boksen «Dokumenter».
  • Skjemaet Vedlegg 2 Årsverksutvikling 2025-2026 (excel-ark): Sjå rettleiing i skjema
  • Skjema Vedlegg 3 Tekstleg rapport (word-dokument): Tekstleg rapportering på kompetansetilskot, tilskott til brukarstyrt personleg assistent og tenesteutviklingsprosjekt

Merk òg at det er krav om revisorkontroll for tilskot som gjeld kompetanse, BPA og tenesteutvikling i 2024, dersom summar for alle delane av tilskotet til saman overskrid 200 000 kroner.

Krav til revisorstadfesting gjeld ikkje for tilskotsbeløp mindre enn 200 000 kroner. Dersom innvilga tilskot er høgare enn 200 000 kroner per år, medan forbruket er lågare enn 200 000 kroner per år, kan det leverast revisorstadfesting for to år av gongen. For tilskotsbeløp under 200 000 kroner, ber vi om at utskrift av (prosjekt)rekneskapen for 2024 vert sendt saman med rapportskjema.

For tilskot som samla overstig 200 000 kroner

Rekneskapen skal reviderast av registrert revisor, statsautorisert revisor eller oppdragsansvarleg kommunerevisor (jf. § 11 i forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar) i samsvar med Standarden i den norske revisorforening ISA 805 «Særlige hensyn ved revisjon av enkeltstående regnskapsoppstillinger og spesifikke elementer, kontoer eller poster i en regnskapsoppstilling».

Statsforvaltaren presiserer at det er tilskotsmottakar sitt ansvar å sikre at de har tilstrekkeleg kapasitet innan revisjon, slik at de kan helde rapporteringsfristen i størst mulig grad. Tilskotsmottakarar som fleire gonger viser at dei, tross purring frå oss ikkje får dette på plass, vil stå i fare for å ikkje få tilskot året etter.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.