Ny nasjonal strategi for sosial bustadpolitikk
Statsforvalterne i Agder og i Vestfold og Telemark har saman med Husbanken region Sør etablert Regional Arena. Formål med regional arena er å samordna tiltaka og verkemidla til regionale aktørar for arbeidet til kommunane med å skaffe bustader og tenester til vanskelegstilte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er oppretta 4 arbeidsgrupper: 1) utsette barnefamiliar 2) rus og psykisk helse 3) bustadsosiale omsyn i plan og 4) konferansegruppe med brei statleg og kommunal representasjon. Arbeidet blir koordinert av eit arbeidsutval.
Regional Arena Sør blir leia av ei styringsgruppe med statsforvalterne, regiondirektøren i Husbanken region Sør, regiondirektøren i Bufetat, regiondirektøren i Nav Vestfold og Telemark, ordføraren i Arendal og rådmannen i Tønsberg.
I tillegg til ein nullvisjon for menneske utan bustad, blir utsette barnefamiliar, rus og psykisk helse og bustadsosiale omsyn prioritert i plan.
Ulike statlege satsingar blir sett i samanheng med den nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken (2021-2024). Dette omfattar Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020), Opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017-2021), arbeidet til regjeringa mot barnefattigdom jf. Prop. 1 S (2018-2019) for Barne- og familiedepartementet, Nasjonal strategi for samordna tilbakeføring etter gjennomførd straff, Regjeringas strategi for psykisk helse "Meistre heile livet" og 0-24-samarbeidet.
Integrering, folkehelse, helse- og omsorgstenester, barn og unge sine oppvekstvilkår, og universell utforming er delar av strategien. Det bustadsosiale arbeidet er både eit mål i seg sjølv og eit viktig verkemiddel for å nå fleire av FN sine berekraftsmål. Den bustadsosiale strategien skal vera ei hjelp til å operasjonalisera berekraftsmåla på alle nivå i forvaltninga.
Regional Arena Sør vil framover gjennomføra ei rekke webinarer med utgangspunkt i strategien.
Invitasjon til deltaking på webinar finn du på vår kurs- og konferanseside.