Korleis møter vi utfordringane i framtida?

Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet inviterer til open og gratis digital konferanse 2. juni: Leve heile livet og nye nasjonale satsingar: Korleis møter vi utfordringane i framtida?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2021

Temaet for konferansen er korleis dei nye nasjonale satsingane, Kompetanseløft 2025, Demensplan 2025, pårørandestrategien, nasjonal ernæringsstrategi og oppfølging av stortingsmelding lindrande behandling og omsorg, heng saman med reformarbeidet og bidreg til å understøtte måla med reforma.

Målgruppe for konferansen er politikarar, leiarar og tilsette i kommunane, men den er open for alle som er engasjera i demografiutfordringane som kjem framover og kva for løysingar som skal sikre fortsatt bærekraftige lokalsamfunn. 

Les meir om konferansen og meld deg på her:

Leve heile livet 2021 - Heim (berg-hansen.no)

Følg Facebook-arrangementet for oppdateringar:

https://www.facebook.com/events/292595679167117

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.