Vaksinering av personar som ikkje sjølv kan gje samtykke

Vaksinering er eit friviljug tilbod som baserer seg på eit samtykke frå personen. Der personen ikkje kan samtykke, må vaksinasjon skje på eit anna rettsleg grunnlag enn samtykke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2021

I samband med at koronavaksinasjonen har starta opp, har Helsedirektoratet gjort greie for kva reglar som gjeld for vaksinasjon av ikkje samtykkekompetente personar, medrekna ikkje samtykkekompetente personar som motset seg vaksinasjon.

Kort sagt vil det aktuelle rettsgrunnlaget for ein person utan samtykkekompetanse som ikkje motset seg vaksinasjon vera pasient- og brukerrettighetsloven § 4-6. Dersom ein person utan samtykkekompetanse motset seg vaksinasjon, antar Helsedirektoratet at det i all hovudsak ikkje vil vera aktuelt å vaksinera personen. Dersom det i einskildståande tilfelle etter ei konkret vurdering likevel blir vurdert å vaksinera personen, kan vaksinasjonen berre gjennomførast viss dei strenge vilkåra i pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3 er oppfylt.

Her kan du lese heile brevet frå Helsedirektoratet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.