To tilskot til rekruttering av fastlegar i kommunane - kort søknadsfrist

Helsedirektoratet har sett av 58 millionar kroner i tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin og 32 millionar kroner til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar. Det er korte søknadsfristar for begge tilskot.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2020

Legar i spesialisering, del 3 (allmennmedisin)

Helsedirektoratet har oppretta ei tilskotsordning for rettleiing av allmennlegar (LIS3 i allmennmedisin). Kommunen kan søkje tilskot etter at rettleiing er gjennomført og attestert. Det er og eit krav at kommunen er godkjent som utdanningsinstitusjon. 

Tilskotsordning for rettleiing av allmennlegar (LIS3 i allmennmedisin) vart lyst ut på våren med søknadsfrist 16. november 2020. Så langt har det komme få søkarar. I 2020 er løyvinga 58 millionar kroner. Målet med tilskotsordninga er å kompensera for kostnadene for kommunane til rettleiing av legar i spesialisering i allmennmedisin, i samsvar med Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger §2. 

Kommunane får tilskot til dekning av kostnader for rettleiing i spesialiteten allmennmedisin med inntil tre timars rettleiing, og dessutan ein time førebuing/etterarbeid for rettleiar, totalt fire timar  per månad i 10,5 av månadene i året (jf. Spesialistforskriften § 25).

Tilskotet vert rekna ut frå gjennomsnitt og vert betalt ut etter talet på månader med gjennomførd rettleiing. Det kan berre førast opp ein lege i kvart søknadsskjema, men kommunen kan velja om dei vil senda ein søknad pr lege pr år eller ein samla søknad for fleire år.

Søknad sendast elektronisk i Altinn via Helsedirektoratet sine nettsider. Søknadsskjema og lenkje til tilskotsregelverk finst her https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/veiledning-i-spesialistutdanning-i-allmennmedisin-LIS3

Søknadsfrist: 16.11.2020

Tilskot til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar

Tilskot til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar vart lyst ut våren 2020 med søknadsfrist 1. juni. På grunn av få søkarar, vert tilskotet lyst ut på nytt no i haust. I 2020 er løyvinga til ordninga 32 millionar kroner. Målet med tilskotsordninga er å auka talet på fastlegar i kommunen, redusera talet på ledige fastlegeavtalar og auka stabilitet blant allmennlegar i spesialisering. Målgruppe for ordninga er kommunar med rekrutteringsutfordringar og/eller manglande stabilitet i fastlegeordninga.

Søknad sendast elektronisk i Altinn via Helsedirektoratets nettsider. Søknadsskjema og lenke til tilskotsregelverk finst her https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/alis-avtaler-for-naeringsdrivende-fastleger

Frist for å søkje tilskot er 11.11.2020.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar