Kompetanseprogram for helsefagarbeidarar - Covid-19

Kompetanseprogrammet er utvikla av Fagskolen Vestfold og Telemark for å styrka kompetansen til helsefagarbeidarar knytt til den pågåande pandemien og dermed bidra til kvalitetsbetring i helsetenesta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.12.2020

Kompetanseprogrammet er nettbasert med nettsamlingar i sanntid og gir 5 studiepoeng. Det blir lagt opp til 8 nettsamlingar i sanntid frå veke 3–11 i 2021 (med unntak av veke 8). Kvar samling varer i 2,5 time. Samlingane vil føregå tysdagar frå kl. 12.30-15.00.

Søknadsfrist tysdag 5. januar 2021.

Oppstart tysdag 19. januar 2021.

Det er inga kursavgift – kompetanseprogrammet er støtta økonomisk av Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Søkjarar frå Vestfold og Telemark blir prioritera. 

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på Fagskolen Vestfold og Telemark sin nettstad https://fagskolen-vestfoldogtelemark.no/kurs/kompetanseprogram-helsefagarbeidere-covid-19

Kontaktperson er studierektor Agnes Brønstad ved Fagskolen i Vestfold og Telemark, agnes.bronstad@vtfk.no tlf. 92 28 24 01

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.