Skulane i Vestfold og Telemark har opna opp igjen
Etter at regjeringa opna opp for at alle grunn- og vidaregåande skular kunne opne frå 11. mai, har alle skulane i Vestfold og Telemark nå opna igjen. For å ivareta smitteverntiltak melder dei fleste skulane om at dei må ha både kortare opningstider og eit mindre tilbod for elevane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I dei tilbakemeldingane Fylkesmannen har fått frå kommunane viser det store fleirtalet at elevar på 5. – 10. trinn har møtt på skulen i løpet av den fyrste veka etter gjenopninga. I dei fleste kommunane er det så mange som 98 - 100 % av elevane som er tilbake på skulen. Elevar på 1.-4. trinn har vore tilbake på skulen sidan 27. april.
Elever som må vere heime fordi dei er i ei risikogruppe og elevar som vert haldne heime utan legeerklæring med årsak i redsle for smitte, vert fulgt opp av skulane. Elevar som er i ei risikogruppe får fortsatt digital heimeundervisning. Føresette som held barna heime utan at det ligg føre ei legeerklæring vert informert om at dei i slike tilfelle må overta det heile og fulle ansvaret for opplæringa. Skulane har fortløpande dialog med føresette som held barna heime.
Fylkesmannen får tilbakemeldingar på at skulane har for liten plass til å kunne organiserer eit fullt tilbod til alle elevar på det nivået ein hadde før skulane blei stengde. Dei har difor ein kombinasjon med heimeundervisning og skule.
På 1. – 4- trinn er det mykje bruk av uteskule, men dette vert nytta i mindre grad på dei høgare årstrinna. SFO held ope, men dei aller fleste har fortsatt redusert opningstid.
Ved mange skular har ein auka inspeksjonen for at dei vaksne skal følge med og minne elevar om å følge smittevernreglane.