Etterfølgjande godkjenning av ekteskap

Oppdatert 20.01.2025

Har du gifta deg i utlandet og ønskjer å få registrert ekteskapet? Da tek du direkte kontakt med Skatteetaten. På visse vilkår kan Statsforvaltaren godkjenne eit utanlandsk ekteskap som ikkje vert anerkjent i Noreg. Statsforvaltaren kan også godkjenne ugyldige ekteskap inngått i Norge.

Du sender søknaden om anerkjennelse eller godkjenning til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus uavhengig av kvar du bur i Noreg. Du finn skjema på denne sida. 

Eg har gifta meg i Noreg, men ekteskapet blir ikkje registrert i folkeregisteret

Eg har gifta meg i utlandet, og har behov for at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

Eg har gifta meg i Noreg, men ekteskapet blir ikkje registrert i folkeregisteret

Dette gjeld ekteskap som er inngått i Noreg, men som av ulike årsaker er ugyldige. Årsaka kan vere at:

  • Vigslaren hadde ikkje vigselskompetanse.
  • Manglande eller ugyldig prøvingsattest frå folkeregisteret. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader. Prøvingsattesten må vere utskriven før vigsla finn stad, og kan ikkje vere eldre enn fire månader. 
  • De møtte ikkje personleg til vigsla.
  • Ein av dykk eller begge avga ikkje erklæring om at de ønskte å inngå ekteskap med kvarandre.
  • Vigslar erklærte ikkje dykk for rette ektefolk.
  • Prest i Den norske kyrkja følgde ikkje liturgien som er fastsett av Kyrkjemøtet.

Du kan søke om etterfølgjande godkjenning av eit ugyldig inngått ekteskap. Søknaden må innehalde:

  • forklaring frå dykk om kvifor kravet til vigsel ikkje vart følgt
  • forklaring frå vigslar (den som vigde) om kvifor krava til vigsel ikkje vart følgde
  • forklaring frå dykk om kvifor de meiner at det er særlege grunnar til at ekteskapet skal godkjennast
  • kopi av prøvingsattest
  • kopi av eventuell vigselsattest
  • kopi av brev frå Skatteetaten om at ekteskapet ikkje blir godkjent

Send søknaden til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

Eg har gifta meg i utlandet, og har behov for at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

Dette gjeld ekteskap som er inngått i utlandet, og som sannsynlegvis er gyldige i landet der ekteskapet vart inngått, men ekteskapet blir likevel ikkje anerkjent i Noreg. Årsaka til at ekteskapet ikkje blir anerkjent i Noreg kan vere at:

  • ekteskapet vart inngått utan at de begge var til stades under vigsla
  • ein av dykk var under 18 år da de gifta dykk
  • ein av dykk var allereie gift
  • de er søskenbarn eller nærare slektningar enn søskenbarn

For at ekteskapet skal kunne blir godkjent i Noreg, må det vere sterke grunnar som talar for godkjenning. Søknad om å få anerkjent eit utanlandsk ekteskap må innehalde:

For at ekteskapet skal kunne blir godkjent i Noreg, må det vere sterke grunnar som talar for godkjenning. Søknad om å få anerkjent eit utanlandsk ekteskap må innehalde:

  • Skriftleg uttale frå dykk begge der de ber om at Statsforvaltaren godkjenner  ekteskapet.
  • Fullmakt som gir oss løyve til å hente dokumentasjon frå Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Fullmakta må ha underskrift frå dykk begge. 
  • Vigselsattest i original eller stadfesta kopi.
    • Kopiar må vere stadfesta av advokat, offentlege kontor eller profesjonell kopieringsteneste.
    • Attesten må vere stadfesta med apostille, sjå kva land som kan bruke apostillestempel. Dersom attesten kjem frå eit anna land, må Utanriksdepartementet i det landet de gifta dykk i legalisere attesten. Deretter må attesten verifiserast av den norske ambassaden.
    • Attesten må vere omsett til norsk eller engelsk av ein statsautorisert omsetjar, universitets- eller høgskulelærar eller kommunal tolketeneste. Det må gå fram av omsetjinga at det er originaldokumentet som har vorte omsett. Vi godtek også omsetjingar gjort ved, eller stadfesta av, ein norsk eller utanlandsk utanriksstasjon eller konsulat. Omsetjinga av vigselsattesten må vere den originale omsetjinga eller ein stadfesta kopi.
  • Kopi av pass eller reisedokument for dykk begge. Den av dykk som bor i Noreg må også ta med kopi av alle brukte sider i passet/reisedokumentet. Kopiane må vere stadfesta av advokat, offentleg tenestemann eller liknande.

Lista ovanfor fortel kva punkt som MÅ vere med i søknaden. I tillegg er det nokre opplysningar som BØR vere med i søknaden:

  • Litt opplysningar om parforholdet dykkar: til dømes kor lenge de har kjent kvarandre, kor ofte de har møtt kvarandre, om de har barn eller venter barn, når de vart forlova. 
  • Er det ei forklaring på kvifor de vart gift i strid med norsk ekteskapslov? Kan de til dømes forklare kvifor ein eller begge ikkje var til stades under vigsla, kvifor de gifta dykk sjølv om ein av dykk var under 18 år, kvifor de gifta dykk sjølv om ein av dykk alt var gift eller kvifor de gifta dykk sjølv om de er søskenbarn?
  • Kva sterke grunnar talar for at vi skal godkjenne ekteskapet dykkar?
  • Kva negative konsekvensar har det dersom vi ikkje godkjenner ekteskapet dykkar?

Søknad om å få ekteskapet anerkjent i Noreg skal sendast til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus