Informasjon til hjelpeverjer og verjer om verjemålsreforma

Kva omlegginga neste år betyr for dei som er verjer og hjelpeverjer. Ein tar atterhald om endring i det utkastet til verjemålsforskrift som nå finst. Ny verjemålsforskrift er venta vedtatt først tidleg i 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2013

1 Kva inneber det for meg som hjelpeverje at ny verjemålslov trer i kraft?

Når ny verjemålslov trer i kraft 1. juli 2013, vil det ikkje automatisk skje endringar eller byte når det gjeld dei som nå er verjer/hjelpeverjer. Tidligare vedtak kor hjelpeverjer og verjer er oppnemnt, vil framleis stå ved lag. Fylkesmannen skal framleis føre tilsyn med hjelpeverjer og verjer. Fylkesmannen kan byte verje dersom det er til det beste for personen med verje at det skjer eit skifte, eller omsynet til personen gjer det nødvendig. På same måte vil det kunne skje ei endring eller ei avvikling av verjemålet, dersom behovet til den som har verje endrar seg.

Etter 1. juli 2013 vil det vere opp til ein sjølv å ta på seg oppdrag som verje. Vi ber om at alle oppnemnte verjer held fram med arbeidet sitt også etter ny lov.

Ein vil nedanfor gje informasjon om konsekvensen av dei komande endringane. Alt er ikkje heilt klart ennå, og meir informasjon vil kome seinare.

Du vil finne meir opplysningar om reforma på verjemålsportalen, www.vergemal.no. Ein vil gje informasjon til verjene gjennom portalen og direkte frå Fylkesmennene. Det er derfor viktig at du som verje også sjekkar verjemålsportalen etter 1. juli 2013.

2 Kva betyr dei organisatoriske endringane?

Fylkesmannen blir ny førsteinstans. Orda overformynderi og hjelpeverje blir historiske. Dei oppgåvene som dagens kommunale overformynderi har, blir overførte til landets 18 fylkesmenn. Er du hjelpeverje i dag, blir du verje etter at reforma tek til å gjelda.

Det skal ikkje bli vanskelegare for deg å vere verje i høve til Fylkesmannen enn det har vore i høve til det lokale overformynderiet. Det vil vere tilsette hos Fylkesmannen til å ta seg av verjemålssaker og til å arbeide til beste for verjene. Dei vil også føre tilsyn med verjene. Du skal framleis få den hjelpa du treng for å vere verje, og for å utføre verjeoppdraget til beste for den det gjeld.

Fylkesmennene vil fram til 1. juli 2013 vere klage- og tilsynsorgan og deretter førsteinstans. Ny sentral verjemålsmyndigheit er lagt til Statens sivilrettsforvaltning (SRF). SRF har kontor i Oslo, mens verjemålsavdelinga får adresse i Grønnegata 52 på Hamar. Avdelinga skal vere operativ frå 1. januar 2013. Dei som er tilsette i 2012 har deltatt i arbeidet med å byggje opp avdelinga og vore med på dei ulike delprosjekta i verjemålsprosjektet.

Sentral verjemålsmyndigheit skal vere klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter verjemålslova, og skal føre tilsyn med Fylkesmannens oppgåver. I tillegg skal sentral verjemålsmyndigheit ha eit overordna ansvar når det gjeld forvaltning, informasjon og opplæring og vere eigar av systemet for det nye elektroniske saksbehandlarsystemet, som er utvikla for saksbehandlarar hos lokal og sentral verjemålsmyndigheit.

3 Får eg opplæring i ny lov og forskrift?

Fylkesmannen skal gjennomføre opplæring av verjene før 1. juli 2013. I verjemålsprosjektet blir det laga eit «opplæringsprogram» som hjelp i opplæringa. Korleis opplæringa praktisk skal gjennomførast, er opp til Fylkesmannen sjølv. Ein skal utarbeide eit eige læringshefte for verjer. Deler av opplæringa vil ein kunne ta ved E-læring. Målet er å gi tilnærma lik opplæring for alle verjene i landet.

Ein reknar med å utarbeide ei handbok for verjer. Denne vil vere praktisk retta og gi svar på spørsmål i om utføringa av oppdraget som verje. Målet for sentral verjemålsmyndigheit er å ha klar ei handbok senast i 2014.

4 Må eg bruke digitalt førsteval som verje?

I forlenginga av nytt elektronisk datasystem for saksbehandlarar, blir det lagt opp til bruk av digitalt førsteval også for verjene. Verjene vil finne informasjon og skjema på verjemålsportalen, og vil i tillegg kunne logge seg på ein del av dataløysninga via «min id» og her få tilgang til «eigne» verjemålssaker. Som «pålogga» verje, vil du også kunne sende søknadsskjema o.a. direkte til Fylkesmannen. Sjølv om løysinga er intuitiv og lett å bruke, vil du få opplæring og nærare informasjon både om datasystemet, pålogging og bruk før 1. juli 2013.

Som verje vil du kunne bruke dataløysinga til bl.a. følgjande:

  • Søknad om bruk av midlar på kapitalkonto forvalta av Fylkesmannen
  • Søknad om endring i pågåande verjemål
  • Søknad om Fylkesmannens samtykke der dette er påkravd
  • Rekneskap mm

Det er ikkje et absolutt krav at du nyttar deg av digitalt førsteval, men det vil vere ein fordel for både deg som verje og for lokal og sentral verjemålsmyndigheit. Søknadsskjema o.a. vil vere tilgjengeleg også i papirversjon, og du kan sjølvsagt kontakte Fylkesmannen pr. e-post eller telefon.

5 Blir tilhøvet til den eg er verje for annleis?

Verjemålsreforma inneber at vi får ei ny verdiplattform. Verjemålet skal vere lagt til rette for den einskilde, og ein legg stor vekt på retten til å rå seg sjølv.

Når ein skal ta vare på interessene til den ein er verje for, er det viktig å vere fullt klår over at hans eller hennar eigen vilje har mykje å seia i høve til kva verja kan gjere. Når den som har fått verje ikkje er fråtatt den rettslege handleevna, skal verja spørje han eller henne før ein tar ei avgjerd utover dei reint daglegdagse. Dersom den som har verje f.eks. set seg mot sal eller utleige av bustad, å gi gåver eller forskott på arv eller andre disposisjonar, kan ikkje verja gjere disposisjonen.

Dersom den som har verje er fråtatt den rettslige handleevna, plikter verja likevel å leggje vekt på det han eller ho meiner, før det blir tatt ei avgjerd.

Ein må også hugse på at mange avgjerder krev godkjenning frå Fylkesmannen i tillegg til samtykke frå den ein er verje for.

6 Får eg rett til honorar og dekning av dei utgiftene eg har som verje?

Etter dei nye reglane om honorar og utgiftsdekning i ny lov og forskrift, har ei verje som hovudregel krav på honorar og dekning av nødvendige utgifter knytt til utføringa av verjeoppdraget. Som nærståande vil du i utgangspunktet berre ha krav på dekning av nødvendige utgifter.

Nedanfor vil ein prøve å gje svar på nokre aktuelle spørsmål knytt til honorar og dekning av nødvendige utgifter.

Honorarkrav for perioden fram til 1. juli 2013 skal sendast til overformynderiet i den kommunen kor den person med verjemål bur. Overformynderiet kan fastsetje ein frist for når dette kravet må vere fremja. Det er overformynderiet som skal ta stilling til kravet, og sørgje for utbetaling i dei tilfella kor kommunen skal dekkje kravet. Der overformynderiet har vedtatt at beløpet skal dekkjast av midlane til den som har verje eller hjelpeverje, sørgjer verja for utbetaling og oppbevarer vedtaket som vedlegg. Alt etter kva frist overformynderia set for innsending, kan det tenkjast at du som verje/hjelpeverje må stipulere eit timetal og eit beløp slik at du faktisk får dekka kravet før 1. juli.

Krav om betaling for arbeidet som verje og dekning av nødvendige utgifter etter 1. juli 2013 skal sendast til Fylkesmannen i det fylket kor personen du er verje for bur, dvs kor han eller ho er registrert busett i folkeregisteret.

Fylkesmannen kan engasjere faste verjer. Dette vil typisk vere personar som utfører verjeoppdrag som ledd i eiga verksemd mot betaling, og som har fleire verjemål knytt til seg. Alminnelege verjer er frivillige verjer som ikkje utøver vervet som næring, og som ikkje er familie eller er nærståande på annan måte. Dei kan ha eitt eller fleire oppdrag knytte til seg og tar på seg oppdrag fordi dei ønskjer å gjere ein innsats for samfunnet. Alle oppnemnte verjer må levere politiattest med nærare fastsett innhald. Ønskjer du å bli fast verje, kan du søkje Fylkesmannen om det i eige skjema.

Ein vil bestemma i forskrift faste satsar for betaling basert på kva slags type verje du er, og kva mandatet går ut på. Verjemålsforskrifta er førebels ikkje ferdig. I forslaget til forskrift er det føreslått årlege satsar for betaling frå kr 3 500 til kr 10 000 for verjeoppdrag, alt etter kva type oppdrag det er (økonomiske og/eller personlege forhold) og om ein er alminneleg eller fast verje.

For verjeoppdrag som berre omfattar personlege forhold, er det føreslått ei årlig betaling på kr. 2000 for alminnelige verjer og kr. 4 500 for faste verjer.

Dersom du meiner at den faste årlege satsen ikkje er nok i forhold til dei oppgåver du gjer og det omfanget oppdraget ditt har, kan du søkje om betaling time for time. Timesatsen for alminnelege verjer er føreslått sett til kr 130 og kr 400 for faste verjer. Søknad om timebetaling må fremjast for Fylkesmannen saman med ei grunngjeving. Timeforbruket må dokumenterast i eige tidsrekneskap. Advokatar får betaling etter den offentlege salærsatsen.

Det er føreslått at den sentrale verjemålsmyndigheit bestemmer ein fast årleg sats for dekning av nødvendige utgifter. Dersom verja i samband med oppdraget har utlegg som i vesentleg grad er større enn det fastsette beløpet, kan verja søkje Fylkesmannen om dekning av desse utgiftene. Nærare informasjon om endeleg fastsette salærsatsar, grensene for når den som har verje skal betale salæret og når Fylkesmannen skal betale, vil du finne på www.vergemal.no.

Dette gjeld i utgangspunktet berre for nye verjemål oppretta etter 1. juli 2013. For at dei nye reglane skal gjelde for allereie eksisterande verjemål/hjelpeverjemål, krevst det nye salærvedtak frå Fylkesmannen. Ein vil leggja dei nye faste salærsatsane til grunn dersom du ikkje har sendt søknad til Fylkesmannen og inngått avtale om honorar, før du sender ditt første krav om honorar til Fylkesmannen.

7 Blir det endring i rekneskapsplikt som verje etter 1. juli 2013?

Verja har som hovudregel rekneskapsplikt for midlar som tilhøyrer den han eller ho er verje for. For de fleste av dagens verjer vil det bli ein enklare måte å føre rekneskap på. Plikta til å føre rekneskap vil bli oppfylt ved at ein årleg sender inn ein ”fullstendigattest” kor det mellom anna blir stadfesta at eigedelane er forvalta i samsvar med lov, forskrift og vedtak. I tillegg må det sendast inn sjølvmelding, detaljerte kontoutskrifter for verjekonto og årsoppgjeret for dei eigendelar som verja forvaltar på vegne av personen med verjemål.

”Fullstendigattesten” vil bli gjort tilgjengeleg for verjene via dataløysingen, og verjene kan fylle ut dette elektronisk.

Verja treng ikkje føre eit ordinært rekneskap med inn- og utbetalingar. I den grad kontoutskriftene frå banken ikkje klart viser kva uttak over ein viss storleik er til, og det ikkje er fatta vedtak om uttak frå Fylkesmannen, skal førebels disponering av beløpa forklarast.

Verja pliktar å ta vare på vedlegget for bruk av midlar frå verjekontoen i 3 år. Vedlegga skal kunne leggjast frem ved ein eventuell kontroll frå Fylkesmannen.

8 Korleis stiller det seg med rekneskapsplikta for første halvår 2013?

Med mindre du som verje, hjelpeverje, setteverje eller hjelpeverje etter lova av 1927 § 16, er fritatt for rekneskapsplikt, skal du utarbeide rekneskap for perioden fram til 1. juli 2013. Rekneskapet skal leverast til overformynderiet seinast 2 månader etter at denne lova skal ta til å gjelda. Dersom det er særlege grunnar, kan overformynderiet samtykke til utsett frist. Særlege grunnar kan vere personlege forhold knytt til deg som verje eller problem med innhenting av vedlegg. Det kan også vere knytt til omfanget av rekneskapen. Ein skal føre rekneskapet som før etter lova av 1927.

9 Må eg sende inn ei ny registrering av formue til den eg er verje for etter 1. juli 2013?

Det vil ikkje bli krevd ei ny registrering av formuen til den du er verje for, når verjemålsreforma trer i kraft. Registrering av formuen skal byggje på innrapporterte skatteopplysningar og vil bli henta frå siste års sjølvmelding for personar med verje. Den økonomiske statusen vil bli oppdatert årleg mot likningsverdiane pr. 31.12.

Dersom du tar på deg nye verjeoppdrag etter 1. juli 2013, vil vi sende eit eige skjema som vil innehalde opplysningar om verdiar frå siste tilgjengelege likning. Du skal da føre inn eventuelle endringar før du sender det tilbake til Fylkesmannen.

 

10 Vil Fylkesmannen flytte midlane eg i dag har på bankkonto for den eg er verje for?

Du, og den som du er verje for, kan sjølv velje den banken dykk vil nytte til verjekonto og brukskonto.

Du skal sørgje for at midlar, som ikkje er bandlagt av Fylkesmannen, står på bankkonto i namnet til eigaren. Du skal sørgje for at inntekter og utgifter til den personen du er verje for blir kreditert og honorert frå verjekontoen.

Når den du er verje for har kapital utover 2G (pr 1. mai 2012 er 1G kr 82 122), må ein velje ein eller fleire bankar kor ein oppretter ein kapitalkonto for plassering av den del av kapitalen som er over 2G.

Du, og den du er verje for, kan velje bank og vilkår for plassering ut ifrå dei avtaler som blir forhandla fram av sentral verjemålsmyndigheit. Ein vil leggje ut informasjon på verjemålsportalen www.vergemal.no om avtalane når dei er klare. Du vil også få eit brev der du kan velje mellom fleire alternativ. Ein vil truleg lage eit skjema til bruk i samanheng med det val av bank, kapitalkonto og vilkår som verja gjer.

11 Kva inneber det at forvaltninga er underlagt Fylkesmannen?

Du som verje vil ikkje ha disposisjonsrett på kapitalkontoen. Fylkesmannen må først godkjenne uttak og eventuell omplassering av midlar på kapitalkontoen.

Dersom verdiane over 2 G består av andre finansielle eigedelar enn pengar, f.eks. pengekrav, aksjar, livspolisar og andre verdipapir, krev eit sal, kjøp eller andre endringar, ein godkjenning frå Fylkesmannen.

12 Kven hos Fylkesmannen kan eg kontakte for informasjon etter 1. juli 2013?

Vi på Verjemålskontoret vil kunne svare på spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.