Tilsyn

Statsforvaltaren fører tilsyn med både offentlege og private verksemder. Me kontrollerer at lover og reglar blir haldne. Når me til dømes har tilsyn med kommunane, kontrollerer me om kommunen kan dokumentera at aktiviteten og avgjerdene er i samsvar med lovpålagde plikter.

Tilsyna skal bidra til kvalitet og forsvarlege tenester. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike tilsynsområda som Statsforvaltaren i Rogaland har ansvaret for.

Informasjon og rapportar frå Statsforvaltaren sine planlagde tilsyn med kommunane, finn du i tilsynskalenderen. Her finn du også ei oversikt over eldre tilsyn.

Under tilsyns- og kontrollområde finn du relevant informasjon knytt til dei ulike områda der Statsforvaltaren har tilsyn.

Me skal samordna alle statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar. Meir informasjon om korleis me arbeider med dette, og lenker til andre tilsynsetatar i Rogaland, finn du under samordning og koordinering av tilsyn.