Verjemål

Oppdatert 08.07.2024

Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje. Det er statsforvaltaren som utnemner og følgjer opp verjene, og det er Sivilrettsforvaltninga som er sentral verjemålsmyndigheit.

Statsforvaltaren i fylket der du bur, har informasjon om telefontider, lokale kurs og rekruttering av nye verjer. Det er også statsforvaltaren som kan svare dersom du har spørsmål om ei konkret sak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.