Om oss

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Sist endra 17.10.2024

Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

  • Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer vi fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.
  • Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.
  • Statsforvaltaren er regional samordningsstyresmakt for staten. Statsforvaltaren skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.
  • Som regjeringa sin representant i fylket skal Statsforvaltaren arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.
  • Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Nytt namn

Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen. Det er framleis slik at institusjonen og personen har same namn. På denne sida kan du lese om kven som er statsforvaltar i fylket

Vel digital postkasse

Statsforvaltaren ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Vi kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ønskjer. Det er to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost. Vel digital postkasse på nettsida til Noreg.no.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktinformasjon

Statsforvalteren i Agder

Tlf: 37 01 75 00

sfagpost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Innlandet

Tlf: 61 26 60 00

sfinpost@statsforvalteren.no

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Tlf: 71 25 84 00

sfmrpost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Nordland

Tlf: 75 53 15 00

sfnopost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus

Tlf: 69 24 70 00

sfospost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Rogaland

Tlf: 51 56 87 00

sfropost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Troms og Finnmark

Tlf: 78 95 03 00

sftfpost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Trøndelag

Tlf: 74 16 80 00

sftlpost@statsforvalteren.no

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Tlf: 33 37 10 00

sfvtpost@statsforvalteren.no

Statsforvaltaren i Vestland

Tlf: 57 64 30 00

sfvlpost@statsforvalteren.no

Felles administrasjon

Statsforvaltarens fellestenester leverer administrative tenester til alle dei ti statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltarane utviklar og driftar Statsforvaltarens fellestenester også digitale tenester til publikum. Hovudkontoret er i Arendal, medan dei fleste medarbeidarane våre har kontor samlokalisert med Statsforvaltaren.