Nytt noregskart for fylkesmennene
Talet på fylkesmannsembete går frå 16 til 10 ved nyttår. Les meir og sjå det nye kartet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Namn på dei ti embeta blir:
Fylkesmannen i Agder
Fylkesmannen i Aust-Agder og Fylkesmannen i Vest-Agder vart slegne saman 1. januar 2016. Sidan samanslåinga har embetet hatt namnet Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Frå 1. januar 2019 blir namnet endra til Fylkesmannen i Agder.
Fylkesmannen i Trøndelag
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag vart slegne saman 1. januar 2018. Samisk namn for Trøndelag skal vere Trööndelag.
Fylkesmannen i Oslo og Viken
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Oslo og Akershus, Østfold og Buskerud får namnet Fylkesmannen i Oslo og Viken frå 1. januar 2019.
Fylkesmannen i Innlandet
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Oppland og Hedmark får namnet Fylkesmannen i Innlandet frå 1. januar 2019.
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Telemark og Vestfold får namnet Fylkesmannen i Vestfold og Telemark frå 1. januar 2019.
Fylkesmannen i Vestland
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Hordaland og Sogn og Fjordane får namnet Fylkesmannen i Vestland frå 1. januar 2019.
Fylkesmannen i Troms og Finnmark
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Troms og Finnmark får namnet Fylkesmannen i Troms og Finnmark frå 1. januar 2019. Dei to samiske namna blir Romsa ja Finnmárku og Tromssa ja Finnmarkku frå same dato.
Fylkesmannen i Rogaland
Embetet held fram som før.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Embetet held fram som før.
Fylkesmannen i Nordland
Embetet held fram som før.
Person og organisasjon
Fylkesmann er både tittelen til ein person og namnet på organisasjonen. Kvar enkelt fylkesmann blir utnemnd av Kongen i statsråd for ein periode på seks år. Perioden kan forlengast éin gong. På denne sida kan du lese kven fylkesmennene er (personane). Oversikta syner namna som gjeld i dag, og blir oppdatert ved nyttår når fleire embete blir samanslegne.