Korleis klage på helse- og omsorgstenester

Dersom du ikkje er nøgd med behandlinga du har fått, eller meiner at du ikkje har fått dei helse- og omsorgstenestene du har krav på, kan du klage. Korleis du går fram for å klage, er avhengig av kva som har skjedd. Statsforvaltaren er både klageinstans og tilsynsmyndigheit, og vi behandlar fleire typar klager.

Publisert 07.03.2022, Sist endra 15.11.2024

Du kan klage på eit vedtak eller ei avgjerd

Dersom tenesta eller behandlaren har gitt deg avslag på noko du meiner du har rett på, eller behandlaren har teke ei anna avgjerd du er usamd i, kan du klage. Du skal få informasjon om retten til å klage i vedtaket eller avgjerda. Du kan til dømes klage på at du:

  • har fått avslag på behandling, institusjonsopphald, avlasting, brukarstyrt personleg assistanse (BPA), omsorgsstønad
  • ikkje er samd i omfanget av tenestene du har fått
  • ikkje blir vist vidare til spesialist
  • ikkje får time til rimeleg tid
  • ikkje har fått informasjon eller oppfølging

Denne typen klage sender du til den som teke avgjerda. Det kan vere kommunen, sjukehuset, legekontoret eller behandlaren. Då får dei høve til å endre avgjerda si dersom dei er samde i klagen din. Dersom dei framleis er usamde med deg, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren. Vi behandlar klagen din og du får eit skriftleg svar frå oss.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere helsehjelpa du har fått

Du kan klage til Statsforvaltaren dersom du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Dersom det har skjedd noko du meiner er feil ved helsehjelpa  du har fått, kan du be Statsforvaltaren opne ei tilsynssak. Det kan vere aktuelt viss du til dømes meiner at du:

  • har fått feil behandling
  • har fått feil medisin eller dose
  • vart skriven ut for tidleg
  • ikkje er nøgd med omsorga du fekk
  • har fått lite informasjon og høve til å medverke i spørsmål rundt eiga helse

Vi har eit digitalt skjema du kan bruke for å klage på helsehjelp. Skjemaet spør etter dei opplysningane vi treng for å vurdere klagen din. Dersom du er misnøgd med helsehjelpa du har fått, kan det vere ein god start å ta dette opp direkte med behandlingsstaden. I skjemaet får du derfor spørsmål om du har teke forholdet opp med behandlaren eller behandlingsstaden.

Vi behandlar saker på ulike måtar

Klagen din blir ruta til statsforvaltaren i fylket der du fekk behandlinga. Vi kan behandle saka di på fleire måtar, og vel den metoden vi vurderer som best eigna:

  • Dersom vi har nok opplysningar til å slå fast at det ikkje har skjedd eit pliktbrot eller lovbrot, avsluttar vi saka med å gje ei kort grunngjeving for dette resultatet. I svaret rettleiar vi deg gjerne om andre instansar som kan gi informasjon, råd og hjelp.   
  • I enkelte saker kan vi meine at forholdet bør handterast av den som har ytt hjelpa (til dømes lege, kommune, institusjon eller sjukehus). Vi ber den som har ytt hjelpa om ta kontakt med deg, eventuelt kalle inn til eit møte, for å svare på spørsmål kring kvaliteten på hjelpa du har fått.
  • Vi ber den som har ytt hjelpa gå gjennom hendinga eller tilhøvet, og deretter gi oss ei tilbakemelding på om det har skjedd noko som krev oppfølging frå deira side. Vi vurderer deretter om verksemda har handtert saka i samsvar reglar og forskrifter.
  • I saker som hastar, og der det ofte er fleire instansar med ulikt ansvar, kan vi kalle inn til eit tilsynsmøte. Til slike møte inviterer vi deg (brukar/barn/pasient/pårørande) og leiarar i verksemder eller helsepersonell. Føremålet med slike møte er å avklare ansvar og samordne tenester til beste for deg eller den saka gjeld.
  • Dersom vi ser at ei verksemd innan helse- og omsorgstenesta blir driven på ein måte som kan ha skadelege følgjer for pasientar, brukarar eller andre eller på ein annan måte er uforsvarleg, følgjer vi opp verksemda. Det same gjeld dersom helsepersonellet opptrer på ein måte som kan ha skadelege følgjer for den som får helsehjelpa. Vi tek kontakt med tenesta eller behandlaren. Du får høve til å uttale deg undervegs, og får eit avsluttande brev om kva som kom fram, og kva Statsforvaltaren konkluderer med.

Kva oppnår du ved å klage til Statsforvaltaren? 

Føremålet med tilsynsarbeidet hos Statsforvaltaren er å bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenesta. Det er dessutan eit mål at innbyggjarane har tillit til helse- og omsorgstenesta. Dersom tilsynsarbeidet vårt avdekkjer lovbrot eller peikar på område som bør bli betre, følgjer Statsforvaltaren med på at tenesta og helsepersonell endrar praksisen som førte til svikt. Ved å be om at vi vurderer helsehjelpa du har fått, kan du bidra til at andre slepp å oppleve det du gjorde.

Du kan varsle Helsetilsynet om svært alvorlege hendingar i helsetenesta

Du som er pasient, bruker eller næraste pårørande, har rett til å varsle om dødsfall eller svært alvorleg skade etter hendingar i helsetenesta. Du kan varsle om dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar når: 

  • hendinga skjedde i helse- og omsorgstenesta, eller ved at pasient eller brukar skada ein annan
  • hendinga skjedde uventa
  • hendinga skjedde etter juli 2019

Alle kriteria må vere oppfylte for å varsle om ei svært alvorleg hending. Helsenorge.no har skjema du kan bruke for å varsle om dødsfall eller svært alvorleg skade.
Du må logge inn med elektronisk ID for å fylle ut skjemaet.

Du kan klage på tvang i psykisk helsevern

Psykisk helsevern er undersøking og behandling av psykiske lidingar. Psykisk helsevern er som hovudregel frivillig, men kan i nokre tilfelle vere tvungent. Du kan klage på bruk av tvang i psykisk helsevern både skriftleg og munnleg. Du klagar til den som har fatta vedtaket om tvang eller til anna helsepersonell på behandlingsstaden. Personale som mottek ein munnleg klage, skal hjelpe deg med å skrive ned og vidaresende klagen. Næraste pårørande kan også klage for deg. Hovudregelen er at du sjølv kan velje kven som skal vere din næraste pårørande.

Behandlingsstaden vurderer klagen din. Dersom behandlingsstaden står fast på vedtaket, skal behandlingsstaden sende saka vidare til Statsforvaltaren slik at vi kan behandle klagen. I slike saker har behandlingsinstitusjonen gjort eit vedtak om at du skal få behandling trass i at du sjølv ikkje har gitt samtykke til behandlinga. Døme på tvungen behandling kan vere tvangsmedisinering og behandling for alvorleg eteforstyrring (tvungen ernæring).

Klagefristen er tre veker, men klagen blir som regel behandla også om du klagar etter at det er gått tre veker. Dersom du klagar innan 48 timar etter at du vart kjend med vedtaket, er hovudregelen at tvangsbehandlinga ikkje skal starte før klagen er behandla. Dette gjeld likevel ikkje dersom behandlinga må starte for å hindre at du får alvorleg helseskade. I så fall skal dette vere godt grunngjeve i vedtaket.

Alle andre klagar på bruk av tvang innan psykisk helsevern blir behandla av kontrollkommisjonen.

Du kan lese meir om kontrollkommisjonen i denne brosjyren frå Helsedirektoratet.

Helsenorge.no har utfyllande informasjon om korleis du klagar på tvang i psykisk helsevern.

Pårørande kan også klage

Som pårørande kan du:

  • klage på at du ikkje får oppfylt rettane du har som næraste pårørande
  • klage på vegner av familie eller vener som ikkje kan klage sjølv

Som regel må du ha fullmakt eller vere verje for å kunne klage på vegner av ein annan person. Du kan bruke skjemaet klage på helsehjelp. Skjemaet rettleiar deg med tanke på om du treng fullmakt eller ikkje.

Helsenorge.no har meir informasjon om rettane som pårørande har.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.